Booking- og kjøpsvilkår
Her finner du en oversikt over salgs- og kjøpsvilkår, samt booking hos Vest Sauna AS.
Betaling
Kunden (gjest) betalar heile beløpet ved bestilling på vestsauna.no, enten med Vipps eller bankkort.
Angrerett og kansellering
Kansellering må gjerast seinast 12 timar før avtalt tid. Ved seinare avbestilling vert heile beløpet belasta. Refusjon skjer til kortet som vart brukt ved bestilling.
Kansellering skal sendast skriftleg på e-post.
Førespurnader om å endre ei bestilling skal gjerast på telefon eller e-post. Endringar kan gjennomførast dersom det er ledig kapasitet. Etter at fristen for kansellering har gått ut, kan vi ikkje garantere endringar.
Personvern
Seljar er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som vert samla inn. Utan samtykke frå kjøpar kan seljar berre innhente og lagre opplysningar som er nødvendige for å oppfylle avtalen. Personopplysningar vert berre delt vidare dersom det er naudsynt for å gjennomføre avtalen, eller når lova krev det.
Generelle reglar
Alkohol er kun tillate ved privat/gruppebooking. Kvar gjest kan ta med maks 2 einingar alkohol. Synleg rusa gjester vert viste bort. Drikke med sterke fargestoff er ikkje lov.
Barn under 16 år må ha med seg ein ansvarleg vaksen (18+).
Bruk alltid badetøy, og legg handkle på benken du sit på. Ta gjerne med to handkle.
Ta med vatn for å unngå dehydrering. Mat er ikkje tillate i badstua, berre drikkevatn.
Av tryggleiksgrunnar må ikkje maks kapasitet overskridast.
Leigetakar er ansvarleg for skadar som følgje av uaktsam eller uforsvarleg bruk.
Bruk av sauna og bading skjer på eige ansvar.
Rydd opp og gjer klart til å forlate badstua 5–10 minutt før neste time startar.
Badstua skal forlatast rein og ryddig. Hugs å lukke begge dørene og opne alle lufteventilar.
Kontaktinformasjon
E-post: post@vestsauna.no
Telefon: +47 41429404
Vest Sauna AS
Org.nr: 934783417
Adresse: Brulandsvegen 181, 6813 FØRDE
Juridisk merknad
Vest Sauna AS har ikkje ansvar for forhold utanfor selskapet sin kontroll. Vi tek atterhald om feil i informasjon eller tekniske problem. Dersom tenesta ikkje kan nyttast grunna krig, naturkatastrofe, langvarig bortfall av vatn eller straum, eller andre uforutsette hendingar utanfor vår kontroll, kan begge partar tre ut av avtalen.
Praktisk info og regler:
Viktige punkter:
-Ta høyde for det ikke er toaletter og dusj
-Ta med godt med drikke
-Bade sko om du skal bade
-2 handkle
Åpningstider
Saunaen er åpen kvar dag heile året, mellom kl.07.00-22.00
Booking
Ein må booke sauna minimum 1 time før ein ønsker å bruke den. Da Saunaen har oppvarmingstid.
Booking gjerast online og døra vil vere open i booking tidsrommet.
Oppmøte
Ein har saunaen i 1 time, møt opp litt før gjerne ferdig påkledd med badekle, så er du klar når di tid startar.
Rydd og gjer deg klar til å forlate badstua 5/10 minutt FØR neste time startar, forlat badstua rein og ryddig slik du sjølv ønskjer å møte den.
Booking nærmer seg slutt (5/10 minutter):
Hugs å gå ut av saunaen i rett tid. Skal du skifte etter timen bør du gå ut 5 min før slik at at du er ferdig når tida di er ute, og neste får gå inn når deira tid startar.
Forlat badstua rein og ryddig slik du sjølv ønskjer å møte den.
Døra låser seg etter endt booking, så sørg difor for å få med alle eigendeler!
Ta med:
Bruk alltid handkle på benk. Ha gjerne med 2 handklede. Badesko, vatn/drikke for å unngå dehydrering. Det er ikkje tillate med mat i badstua, kun drikkevatn!
Ikke ta med
Kvist og blad, eigne bøtter med vatn, er ikkje tillatt å bruke inne i saunaen. Ønsker ein å kjøle seg ned må ein gå ut og ta seg ein dukkert.
Eller drikke med høyt farge innhold.
Kapasitet
Maks kapasitet er 14 personar. Dette gjelder for både drop-in og grupper.
Aldersgrense
Barn under 16år kan ikkje ta sauna aleine, må være i følge med ein vaksen over 18år.
Drop-in eller gruppe
Drop-in betyr at du kan komme saman med andre du ikkje kjenner. Vil du absolutt vere åleine i saunaen, må du bestille som ei gruppe.
Alkohol
Det kan nytast alkohol, men kun ved gruppebestilling. Ikkje på drop-in! Berusa folk blir vist vekk.
Begrens alkoholinntak til 2 einingar!
Du er erstatningsansvarleg for eventuelle skadar du påfører saunaen ved bruk.
Kontroll av at regler blir fulgt
Saunaen er ikkje betjent av eige personal heile tida, men er overvåka utanfrå, og blir til tider kontrollert mellom besøk. Blir det oppdaga misleghald på reglar eller manglande betaling for ekstra personar, blir det krevd inn ekstra gebyr på kr 500,- og ved gjentakande misleghald, føre til utestengelse.
Avbestilling
Drop-in – avbestilling 8 timar før ankomstdag, får du refundert 50 % av beløpet. Etter 8 timar, ingen refusjon. Gruppe-bestilling: avbestilling 12 timar før ankomstdag, får du refundert 50% av beløpet. Etter 12 timar, ingen refusjon.